Aglaktuqbloggen – om lusten att skriva

Aglaktuqbloggen – om lusten att skriva

Kristin Auestad Danielsen

FebruariPosted by aglaktuq Mon, February 27, 2012 22:01:33


Ein politikar gret framfor kamera.

Her er nesten stillstand. No kjenner eg sola i skuldera og veit at ho vil bevege seg lenger vekk og så har eg ikkje sol på meg lenger.

Fingrane er kalde. Knea, hoftene, albuane, fingrane sit i skrivepositur men er kalde og stive. Tastaturet er dårleg og å-en, ø-en, æ-en og m-en har mista knotten sin, det er ikkje kjekt for litlefingen, han kjenner det godt.

Eg skriv fram eit barnetog på den farlege vegen. Dei liknar tre-åringar, dei går i shorts. Grøftene er snølagde, alt på kvar side av vegen er kvitt og øde. Vegen er svart og bar som ei blodåre. Bilane køyrer ut i heile kroppen og kjem tilbake til hjartet. Angsten er i snøen. Redsla er i barnetoget. Borna er redde for bilane, for den avvisande og straffande mora. Mora vil redde dei misbrukte borna, tenk, seier ho, no blir det misbrukt barn. I denne augeblinken. Eg seier at eg ikkje vil tenkje på det. Ja, seier ho, eg irriterer deg fordi eg appellerer til noko du ikkje vil gå inn i.


Kristin Auestad Danielsen föddes i Torshavn på Färöarna 1981, växte upp i Gjesdal i Norge och bor nu i Köpenhamn. Hon har en kandidatexamen i litteraturvetenskap och har gått på Författarskolan i Tromsø. Hon debuterade som dramatiker med enaktaren Bartender, 2004. Året efter släppte hon sin första diksamling Alle i Norge, i tre, hengekøyer.

Illustrationen är gjord av Agnes Stenqvist.

Ordlista
Albuane = armbågarna
Tastaturet = tangentbordet
Dårleg = dålig
Knotten = knoppen
Kjekt = trevligt
Grøftene = dikena
Kvitt = vitt
Blodåre = blodådra
Køyrer = kör
Kjem = kommer
Augeblinken = ögonblicket
Appellerer = vädjar